lagermedarbeidar

Stadyard søkjer lagermedarbeidar

Vi treng ein ny lagermedarbeidar! Kan det vere deg?

Vi ser etter ein engasjert og løysingsorientert kollega som trivst med varierte arbeidsdagar. Du jobbar strukturert, tek ansvar for oppgåvene dine og bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø med fokus på tryggleik og HMS.

Om oss:

Stadyard har sidan 1923 levert komplette tenester innan skipsbygging, reparasjon og vedlikehald. Vi kombinerer lang erfaring med innovasjon, og byggjer sikre og moderne fartøy. Stadyard set eit inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø høgt.

Nokre av arbeidsoppgåvene:

  • Varemottak og lagerstyring
  • Levere ut delar, forbruksmateriell og verktøy til produksjonen
  • Gjev råd og rettleiing i bruk av korrekt verneutstyr

Kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Er strukturert og har god fysisk arbeidskapasitet
  • Jobbar sjølvstendig og trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Ingen krav til formell utdanning – opplæring blir gitt
  • Kjennskap til lagerarbeid, verftsindustri, mekanisk arbeid eller ulike reiskap/verktøy er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi tilbyr:

  • Eit spennande og sosialt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og velferdsordningar
  • Kantineordning

Høyrest dette ut som noko for deg?

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Søknad med CV sendast til glenn@stadyard.no innan 15. september 2026.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Glenn Paris, mobil 415 30 844.